Pressreader - digitale aviser på biblioteket og heime

Pressreader – digitale aviser på biblioteket og heime

Aktuelt   

Via Pressreader har du tilgong til aviser og tidskrift på nesten 60 språk!

Etne bibliotek har Pressreader – eit fantastisk tilbod som gir deg tilgong på å lesa over 5000 publikasjonar frå heile verda, på mange ulike språk. Det er også omtrent 80 norske aviser og tidsskrift i fulltekstversjon tilgjengelege via Pressreader.

Det fins to måtar å nytte seg av tenesta på. Alle biblioteket sine PC’ar har snarveg til Pressreader. På biblioteket kan du altså alltid lese siste utgåve av dei 5000 avisene og tidsskrifta. Ein kan også laste ned appen Pressreader til si eiga eining. Viss ein då loggar inn på appen når ein er innom biblioteket, har ein tilgong til Pressreader 72 timar, også heimefrå.

Loggar du deg inn via det digitale lånekortet ditt har du alltid tilgong til Pressreader.

Les meir om bruk av Pressreader HER.