Forfattarbesøk av Bjørn Ingvaldsen

Forfattarbesøk av Bjørn Ingvaldsen

Aktuelt   

22. mai kjem Bjørn Ingvaldsen på forfattarbesøk til Etne med eit foredrag på biblioteket om barne- og ungdomslitteratur. Han vil spesielt snakke om "Guten i boka".

Om gutar, ofte den einsame guten, i barne- og ungdomsbøker. Han samanliknar sitt eige og andre sine forfattarskap. Foredraget passar for lærarar, foreldre og for alle som er interesserte i litteratur generellt og barne- og ungdomslitteratur spesiellt. Bjørn Ingvaldsen er ein av våre kjæraste barne- og ungdomsforfattarar med eit forfattarskap med stort spenn. Dei siste åra har han vore leiar av organisasjonen Norsk Barne- og Ungdomsbokforfattere. Han har særs god kjennskap til forfattarar og bøker i sjangeren. Arrangementet kostar kr. 80,-. Billettar blir selde i døra.