Møt Agnes Ravatn på heimebane lørdag 30. september!

Møt Agnes Ravatn på heimebane lørdag 30. september!

Aktuelt   

Biblioteket inviterer lånarar og andre interesserte til fellestur til Valevåg i Sveio.
Valestrand bygdelag har sett saman eit spennande program til oss, der me mellom anna skal besøka den freda garden Einstadbøvoll, og møta forfattar Agnes Ravatn i heimen til komponisten Fartein Valen. Ravatn er aktuell med ny bok om livet i Valevåg, med forfattarkollega Einar Økland som nabo.
Om veret tillet det, vil det òg bli ein stopp i Førde med høve til å sjå seg om i rhododendronparken Rex Garden.

PROGRAM

Kl. 09.30                      Avreise frå Etne (Skakke) med minibuss og privatbilar. Sjåfør er Reidar Singelsæter frå Etne frivilligsentral.

 

Kl. 11.00 – 11.30       Einstadbøvoll gard

Garden Einstadbøvoll har heile 18 bygningar, og av dei er 17 freda. Alle bygningane har helletak, og med unnatak av hovudhuset er dei bygde i stein frå garden. Garden er framleis i full drift, og tre generasjonar av familien Blytt bur i tunet. Eigar Andres Blytt vil ta oss med på omvisning og formidla historia til garden.

 

Kl. 12.00 – 12.30        Fartein Valen-heimen

Me får omvisning i komponistheimen av eigar Fartein Valen-Sendstad, som er grandnevø til komponisten. Høve til spørsmål og samtale.

Servering av kaffe og vaflar/lappar

Kl. 13.30- 14.30        Opplesing og samtale med forfattar Agnes Ravatn i Valenheimen

Agnes Ravatn er aktuell med boka «Verda er ein skandale – ei bok om livet på landet». Me møter henne i heimbygda Valevåg, der ho har fått forfattarkollega Einar Økland som nabo.

 

Kl 15.00                      Middag

 

Ca kl 16.00                 Rex Garden. Me stoppar i Førde og Rex Garden om veret tillet det

Rhododendronparken Rex Garden blei etablert i 2014. Her er det planta over 2000 rhododendron og andre planter. Kunstnar Kenneth Ravn Ottesen har laga treskulpturane som står i parken. Dei som ikkje vil gå tur i parken, kan slappa av på Strando, eit flott bade- og friluftsområde.

Ca kl 17.00                  Retur til Etne

Pris kr 500,- inkl. middag (drikke betaler ein sjølv). Påmelding: Snarast til biblioteket etnebibliotek@etne.kommune.no, eller 48959990.