Temakveld med fokus på ull og garnkvalitetar

Aktuelt   

Torsdag 21. september kl 19.00 inviterer Etne Husflidslag til temakveld på Etne bibliotek. Her blir det fokus på mellom anna ull og garnkvalitetar.

Når nordmenn handlar ull tar me det som ein sjølvsagt ting at ulla er norsk – men det stemmer kanskje ikkje alltid.

Hege Therese Nilsen, husflidskonsulenten i Hordaland husflidslag, er kveldens temaholder. Ho deltok under Nasjonal strikkenatt med rekordforsøket «Frå sau til genser», og ho har òg vore rådgjevar for Nrk-serien Anno.