Her er du: etnebibliotek.no > Kva skjer? > Sommarles

Sommarles

Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse, delta på Sommarles.no.

Sommarles gjer lesing endå kjekkare! Du lagar ein profil på Sommarles.no, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og følgjer med på kva vennene dine les. Her kan du også lesa ei superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Har du ikkje tilgang til nett, kan du delta med eit lesekort. Spør på biblioteket! Å delta i Sommarles er HEILT GRATIS.

Du kan lesa vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lesa høgt for deg – all lesing tel. Og sjølvsagt er det premiar! Når du legg inn bøker, får du digitale trofé til profilen din på nettsida, og du kan henta premiar på biblioteket i løpet av sommaren.

Til foreldre/føresette:
Sommarles.no er ein nettbasert lesekampanje og er laga for å motivere barn til å lese av eiga lyst. Det skal vere gøy å vere med! Barn som les jamleg i løpet av sommaren, styrkar leseferdigheitene sine gjennom ein lang ferie. Nokre les på fritida, men vi veit at dei barna som ikkje gjer det, stiller med eit dårlegare utgangspunkt ved skulestart. Vi håpar at de vil hjelpa oss med å motivera barna til å vere med på Sommarles.no. Det er ein fin aktivitet uansett kvar de skal feriera i sommar. Ta turen innom altom.sommarles.no for meir info – eller besøk ditt lokale bibliotek.

Kontaktperson, Sommarles i Etne kommune: Barne- og ungdomsbibliotekar, Ingeborg Sørheim, e-post: ingeborg.sorheim@etne.kommune.no