Dei ulike sirklane har gjerne litt ulik fokus på litteratur ein ønskjer å ta for seg. Om du vil vera med i lesesirkel er det flott om du seier noko om kva du likar eller ønskjer å lesa, så finn me ein sirkel som passar for deg. Det vil også vera aktuelt å starta opp nye lesesirklar, eller endra på samansetningane.
Biblioteket pleier arrangera ein oppstartskveld for lesesirklar kvar haust. I tillegg pleier lesesirklane samlast til eit arrangement ein gong på vårparten. Dette kan til dømes vera forfattarbesøk og eller litteraturkveld med deling av gode boktips. Desse arrangementa vil også vera opne for andre.
Biblioteket skaffer bøker til alle deltakarane i lesesirklane.