Sommarles

Over 50 % av barna i Etne og Skånevik har allereie registrert seg på Sommarles. Det er høve å registrea seg heile sommaren, så ver med på sommarens kulaste lesekampanje, du og!

Frå 1.juni til 31.august er det SOMMARLES for barn og unge på biblioteka i Etne og Skånevik. Sommarles er ein nettbasert lesekampanje der barna først og fremst konkurrerer med seg sjølv, men der ein også også kan følge med på kva venene les i sommar og få gode lesetips.  På sommarles.no kan ein legga inn og anmelda bøker ein les i løpet av ferien, lesa den eksklusive Sommarles-forteljinga skriven av Mari Moen Holvse, vera med å løysa mysteriet ved å svara på spørsmål til forteljinga, oppnå digitale trofé og mykje anna spennande.

Etter kvart som ein les og gjer aktivitetar på sommarles.no får ein poeng (XP) og ein kjem opp i nye nivå (level). Ved level 5, 10 og 20 kan ein koma på biblioteket og henta seg ein Sommarles-premie.  6.september inviteter biblioteket alle barn som har deltatt på Sommarles 2017 på ein gratis lesefest der mellom anna Klovnen Knut kjem for å underhalda!

Gå inn på sommarles.no eller kontakt biblioteket om du ønskjer meir informasjon.