Her er du: etnebibliotek.no > Digitale tenester > E-lån

E-lån

Om du har lånekort hjå oss, kan du låne ebøker til smarttelefonen eller nettbrettet ditt.

Du må nytte appen BookBites for å låne digitale bøker til di mobile eining. Tenesta krev at du har lånekort ved eit folkebibliotek eller eit bibliotek ved ein vidaregåande skule i Vestland.

Korleis låne digitale bøker?

Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, får du det på biblioteket. Det er gratis å låne bøker både på biblioteket og i BookBites-appen!

1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les

Treng du hjelp?

Videoguide som viser korleis du kan opprette ein brukar, og ta i bruk Bookbites

Dersom noko går gale, kan du kontakte det lokale biblioteket ditt for å få hjelp.

Bokhylla.no

Du kan også finne ebøker i samlinga til Nasjonalbiblioteket.