Pressreader

I Pressreader får du tilgang til over 5000 aviser og tidskrifter på nesten 60 språk. Avisene kan lesast på PC-ane på biblioteket eller lastast ned til eiga eining via appen Pressreader.

press_litenF

For å lesa på eiga eining, må ein logga inn på appen «Pressreader» medan ein er på biblioteket og er kopla opp til det trådlause nettverket. Då har ein tilgang til ferske aviser heimefrå i 72 timar.

Alle våre PC’ar har snarveg til Pressreader.unnamed

Pressreader tilbyr publikasjonar på nesten 60 språk – som arabisk, tyrkisk, svensk, portugisisk, afrikaans og thai i tillegg til store verdsspråk som engelsk, tysk, fransk og spansk.

Det finst òg omlag 80 norskspråklege publikasjonar i tenesta. Av desse kan ein nemne: Haugesunds avis, Dagbladet, Aftenposten, BA samt lokalaviser som Kvinnheringen og Hardanger folkeblad.

Sjå HER for rettleiing i bruk av Pressreader eller kom innom biblioteket.