Her er du: etnebibliotek.no > Me tilbyr > Møtestad

Møtestad

Biblioteket har som mål å vera ein aktiv møtestad, arrangementplass og arena for debatt, samtale og formidling.

Bibliotek som møtestad

Men biblioteket skal like viktig vera ein stad det er lågterskel å oppsøkja. På biblioteket er alle velkomne: aleine, saman med andre, ein kan velja ei rolig stund for seg sjølv, eller å ta ein prat med kjente og ukjente. Biblioteket er ein stad ein kan komma for å søkja rettleiing og hjelp, med eit særleg ærend – eller utan noko ærend som helst.

Arrangement

Biblioteket har jamnlege arrangement for barn, ungdom og vaksne.

Følg oss på Facebook for nyhende om dei siste arrangement og sjekk heimesida under «Kva skjer?«