Lånekort
Alle barn som startar i 1.klasse i Etne og Skånevik får tilbod om lånekort ved folkebiblioteket. Barn under 15 år treng underskrift frå føresette, og får derfor med seg informasjon om folkebiblioteket samt innmeldingsblankett via skulen.
Alle over 15 år kan få lånekort ved Etne bibliotek. Ein kan også velja å få nasjonalt kort. Det vil seia at ein kan nytta lånekortet på alle andre folkebibliotek i Noreg. Med Bibliofil-appen kan du få lånekort på mobilen.
Ta kontakt med biblioteket dersom ein ikkje har lånekort, og ønskjer å registrera seg som lånar!
Fjernlån
Det biblioteket ikkje sjølv har inne, kan me skaffa frå andre bibliotek. Fjernlån er gratis.M
Media på andre språk
Ønskjer du bøker eller andre media på anna språk enn norsk? Me kan låna inn til deg gratis mellom anna frå Det flerspråklige bibliotek. Biblioteket har eigen engelsksamling for barn og vaksne, og pleier alltid ha ei hylle tilgjengeleg med bøker på tysk, somali og arabisk for barn. Dette utvalet vert skifta ut jamnleg. Ta kontakt om du har ønskjer!