Familiedag på biblioteket i Skånevik

Familiedag på biblioteket i Skånevik

Aktuelt   

Laurdag 24. november vert det familiedag på biblioteket i Skånevik. Biblioteket i Skånevik fyller 220 år i år, og er eit av landets eldste bibliotek. Ordførar Siri Klokkerstuen les for barna kl. 11.30.

I 1798 vart «Skaanevig Læseselskab» stifta etter initativ frå presten Didrik Schnitler. Det gjer biblioteket i Skånevik til eit av landets eldste!

Laurdag 24. november markerer me dette på familiedagen på biblioteket. Korleis var det eigentleg å vere barn i 1798?

Kl. 11.30 kjem ordførar Siri Klokkerstuen og les for barna.

Kl. 12.3o vert det juleverkstad med kasserte bøker og gamle papir.

Det vert elles: bibliotekrebus med litt historiske spørsmål, forslag til miljøvennlege julegåver (kjøp eller lån ein forundringspakke) og teikneutstilling ved 1.klasse frå Skånevik skule.

Gratis inngang – velkommen!