Biblioteket i vinterferien

Aktuelt   

Biblioteket har aktivitetar for barn som er heime i vinterferien, og den er vanlege opningstider heile veka. Velkommen!

For barn som er heime i vinterferien, så er det nokre kjekke aktivitetar på biblioteket.

Tysdag 26.februar vert det FIFA-turnering for alle speleglade barn. Turneringa startar kl. 14.00 og varer til omtrent kl. 16.00, alt etter kor mange deltakarar som vert med. Det vert ein diplom og liten premie til vinnaren.

Torsdag 28.februar kl. 10.30 vert det lesestund med barnebibliotekaren. Me les nokre nye, kjekke biletbøker saman.

Det vert også teiknekonkurranse, og etter vitnterferien kårar me to bidrag som får ein liten premie. Tema er anten «våren» eller «mi favorittbok». Teikninga skal vere i ståande A4 eller A3. Last ned ferdig teikneark HER. Desse vil også ligga framme på biblioteket.

Me lagar også til ein liten «plantekrok». Her kan ein prøva å så nokre spanande frø, og sjå kva som kjem fram. Ta med heim og set i vindaugekarmen, eller lat potta stå igjen på biblioteket og lat bibliotekaren ta seg av vatninga.

Alle aktivitetane på biblioteket er gratis.