Her er du: etnebibliotek.no > Aktuelt > Sunt for meg?

Sunt for meg?

AKTUELTpublisert 04.03.2019

Svimmel av gode tips om mat? I flaumen av råd om kva som er sunt ber klinisk ernæringsfysiolog Ragnhild Lekven Filmreite deg om å stola på dei solide forskingsbaserte råda. Her skriv ho om å endra vanar og korleis regelmessige måltid kan vera ein god start for dei fleste av oss. Ikkje la deg lura av usunne snarvegar og trendar. Bygg på dei trygge råda, og lag eit sunnare spor for deg sjølv!

Det er ofte mykje snakk om mat, ja, nokre gongar så mykje at ein kan bli heilt svimmel av  informasjonsstraumen som treff oss.

Uansett kva du les eller ser på – ja til og med når du snakkar med naboen kan temaet dukka opp: MAT– gjerne sunn mat, og kanskje nokre velmeinte tips om kva mat som er bra for akkurat deg. For mat må vi ha. Difor må vi alle, anten vi liker det eller ikkje, ta stilling til mat på ein eller annan måte.

Skremmande utvikling

Den eine trenddietten avløyser den neste, og stadig dukkar det opp variantar som inneber å kutta matvarer eller ingrediensar, ta tilskot, reinsa kroppen eller leva etter strenge regime. Ofte er det vanskeleg å trekka ut det som faktisk er nyttig og naudsynt for oss i alt mylderet av informasjon. Kan hende er det eit godt skjult reklamestunt som gjerne vil ha oss til å lika og kanskje aller helst kjøpa eit produkt, ei bok, gå på eit kurs eller velja ein særskild diett. Det kan vera lett å la seg riva med. Ja, til og med eigenopplevde erfaringar frå bloggarar viser seg å kunna ha større nedslagsfelt enn veldokumenterte råd frå fagfolk, særleg i yngre aldersgrupper. Få fagfelt har fleire sjølvoppnemnde ekspertar enn vi finn innanfor ernæring og helse. Då er det kanskje ikkje så rart at mange til tider kan kjenna seg litt forvirra. Heldigvis finnast råd. Tolv grunnleggande kostråd frå Helsedirektoratet.

Kva skal vi tru på?

Portrett av Ragnhild Lekven Fimreite

Artikkelforfattaren Ragnhild Lekven Fimreite er klinisk ernæringsfysiolog
Foto: Mindaugas studio

I informasjonsstraumen kan det vera godt å veta at det eksisterer nokre trygge, solide råd som er gode å støtta seg til om forvirringa blir for stor. Mange har høyrt om kostråda frå Helsedirektoratet, men undersøkingar viser at få ser ut til å følgja dei fullt ut. Nokon synest kanskje dei til og med er litt kjedelege fordi dei er så «vanlege». Veit folk flest eigentleg kva råda inneber?

Råda er ikkje tilfeldige. Dei er resultat av store mengder forsking og undersøkingar om samanhengar mellom matvarer og helse utført både nasjonalt og internasjonalt. Dess meir ein set seg inn i råda og bakgrunnen for desse, dess meir ser ein dei enorme mengdene med forsking som må til for å omsetja kunnskap til trygge kostråd. Ein enkel studie er i denne samanhengen ingenting. Kostråda er til ei kvar tid forskingsbaserte, og studiar har vist at eit kosthald i tråd med anbefalingane gjev lågare førekomst av ei rekke livsstilssjukdommar. Likevel er det ikkje enkelt å endra livsstil.

Difor er det tungt

Ein kjem ikkje unna at mat er sterkt forbunde med tradisjonar, kultur, helsetilstand, smakspreferansar, prioriteringar, humør og ikkje minst kjensler og vanar. Dette er forhold som sit djupt i oss, og som pregar oss som menneske og dei vala vi tek. Når ein snakkar om å leva sunnare, handlar det nesten alltid om å endra vanar og ta nye val.

Dette veit alle er enklare sagt enn gjort. Vi ventar gjerne på den rette motivasjonen. Men éin ting er sikkert: motivasjon er oppskrytt. Han kjem, eller kjem ikkje. Det kan ta dagar, månader og år, og kanskje kjem han aldri. Hjernen vår vil kjenna seg best mogleg, og vil alltid prøva å finna gode argument/orsakingar for å ha det bra eller unngå ubehag. Kvar einaste vane vi har er nedfelt som spor i nervesystemet, nesten som skispor: dess eldre vane, dess djupare spor i nervesystemet. Vi veit at det kan vera tungt å laga nye skispor. Slik er det også med nye vanar. Hjernen er plastisk og formeleg med ei unik evne til å laga nye nervebanar eller spor. Tru ikkje at det er enkelt av den grunn, i alle fall ikkje i byrjinga. Den magre trøysta er at du blir flinkare dess fleire gongar du gjer eller trenar på noko nytt. Dette gjeld alt, inkludert matematikk, fotball, styrkeøvingar, salto, turgåing og sjølvsagt nye matvanar.

Just do it! La oss setje i gang! På den måten aukar sjansen for at motivasjonen eller andre gode opplevingar etter kvart kan hjelpa oss inn i nye vanar eller spor.

Grunnlaget for endring

Er du ein av dei som kun et når du er svolten? Då kan det vera lurt å ta ein ekstra titt her. Ein tenker gjerne at det viktigaste er å finna fram til dei sunnaste matvarene og kutta godteri når ein skal bli sunnare. Dette er viktige endringar, men først bør måltid og måltidsrytme vera på plass. Dette er enkelt for nokon, men kan vera svært krevjande for andre.
Erfaring viser at dei som et etter impulsmetoden, utelukkande etter svoltkjensla, ofte et meir tilfeldig og usunt enn dei som har faste og regelmessige måltid.
Med faste måltid vil dei fleste oppleva fordelar som forenklar vidare kostendringar. Å hoppa over eller utsetta måltid endar ofte med større søtsug, ukontrollert matinntak, samt større og meir usunne måltid seinare på dagen. Sjølv store middagsporsjonar kompenserer ikkje for manglande frukost eller lunsj – og resultatet kan bli søtsug utover ettermiddag og kveld.

Først og fremst handlar det om å få på plass dei faste hovudmåltida: frukost, lunsj, middag og kvelds. Det ideelle er å eta kvar tredje til fjerde time. Og ja, det er smart å eta frukost. Med ein god frukost er kropp og hovud med frå starten av. Og nei, det treng ikkje vera avansert. Skulle du vera ein av dei som manglar matlyst på morgonen, hugs at litt er betre enn ingenting. Eit mellommåltid eller to i løpet av dagen kan også vera til hjelp for å balansera blodsukkeret best mogleg.

Fordelar med regelmessige måltid:

– Mindre irritabilitet og uro
– Meir forutsigbare måltid
– Betre struktur i kvardagen
– Lettare å veta kva ein skal eta på dei ulike tidspunkta (frukost, lunsj…)
– Enklare å oppretthalda konsentrasjon og fokus
– Taklar betre stress og påkjenningar i kvardagen
– Betre blodsukkerregulering/mindre søtsug
– Betre svoltkontroll/enklare å avgrensa mengdene
– Føler seg betre/betre humør

Når måltida er på plass, vil mange kjenna at ting går litt lettare på kostsida, og tida kan vera inne for å sjå nærare på kva mat ein skal velja og sjølve samansetninga av måltida. Her er det fleire måtar å gå fram på. For dei som har helsemessige utfordringar eller plager, kan det vera lurt å ta kontakt med ein klinisk ernæringsfysiolog for rettleiing i kosten.

Uansett utgangspunkt, vil dei fleste ha god nytte av anbefalingane i dei tolv grunnleggande kostråda frå Helsedirektoratet.

Et godt!

 

Veit du at Helsebiblioteket har oppdatert informasjon om til dømes ernæring?
Helsebiblioteket.no gir gratis tilgang til oppslagsverk, rettleiingar, oppsummert forsking og andre kunnskapsressursar. Ressursane er primært for helsepersonell, men også for andre som ønskjer kvalitetssikra og forskingsbasert informasjon. På helsebiblioteket.no finn du til dømes kostråda frå Helsedirektoratet og anna informasjon som er laga for deg og meg, under kategorien Pasientinformasjon.