Familiedag på biblioteket

Familiedag på biblioteket

Aktuelt   

Laurdag 6. april vert det igjen familiedag på biblioteket! Etne sin eigen krimforfattar Geir Molland kjem og les nye forteljingar for barn - kjem du?

Me kan forsikra om at forfattaren ikkje skal lesa frå sine eigne bøker, men derimot to heilt nye mysterieforteljingar for barn! Det vert både morosamt og litt spennande, men ikkje skummelt, så det høver for alle aldrar.

Det vert også påskelabyrint i biblioteket med ulike rebusar og oppgåver å finna ut av. Skakkesenteret har open kafé som mellom anna sel laurdagsgraut og Etne kino syner to ulike barnefilmar denne laurdagen.

Biblioteket har rydda i hyllene, og har for tida stort boksal med både barne- og vaksenbøker. Om nokon treng bøker til hytta og påskeferien, eller vil leita etter nokre kuriositetar, så kan det vera lurt å stikka innom og ta ein kikk.

Det er gratis inngang på biblioteket. Velkommen!