Bokanbefalingar

Bokanbefalingar

Aktuelt   

Biblioteket hadde Litteraturkveld på Verdas bokdag 23. april. Her er ein oversikt over bøkene som vart nemnd.

Bibliotekleiar Gjertrud Fludal hadde ein presentasjon med 16 bøker, både nye og gamle, lokale og utanlandske, bøker, teikneseriar og lydbøker. Det er skrive i notata om dei nemnde bøkene er tilgjengeleg i fleire format enn papirboka. Powerpointen finn de her.

Boka som vart presentert av den eine lesesirkelen var Indias datter av Shilpi Somaya Gowda.

Det vart òg avslørt at Vigdis Hjorth kjem til Etne 20. november klokka 19.30. For den som vil lese seg opp i forkant finn ein her ein link til alle bøkene ho har skrive som me har på biblioteka i Etne og Vindafjord (inkludert lydbøker og barnebøker).

I løpet av kvelden kom det fram eit ønskje om litt fleire bøker med humor. Rett etter sommaren i fjor lagde NRK ei stafett-liste med morosame bøker, der forfattaren av den tidlegare anbefalte boka foreslår neste bok. Her er det fleire humorskattar. Forfattaren som startar stafetten har forøvrig sjølv skrive den morosame serien om Ingrid Winter. Les saka her.