Her er du: etnebibliotek.no > Aktuelt > Uncategorized > Utlån etter avtale

Utlån etter avtale

AKTUELTpublisert 30.03.2020

Biblioteket har fått opna for å låne ut bøker!

Du bestiller bøker og me legg dei i posar merka med namn utanfor bygget. Dei må hentast innan avgrensa tidsrom.

Skånevik og Etne tors 02.04. og mån 06.04.

Hent kl. 16-19 (bestill innan kl. 17)

Berre Etne tys 31.03., fre 03.04. og tys 07.04.

Hent kl. 12-15 (bestill innan kl. 13)

Det vil berre vere mogleg å låne av bøkene som alt er på biblioteket. Alle lån vil vare til 1. juni. Me tar ennå ikkje imot bøker til innlevering.

Du kan bestille på følgjande måte:

–          I Bibliofil-appen

–          Gjennom MappaMi på nettsida (http://www.vindafjord.folkebibl.no/cgi-bin/mappami)

–          Sende e-post etne.bibliotek@etne.kommune.no eller skanevik.bibliotek@etne.kommune.no

Har du ei bok som står til avhenting må du seie i frå om du vil at me skal pakke den til deg.

Hugs å halde god avstand til kvarandre og ikkje ta på andre sine posar.