Her er du: etnebibliotek.no > Aktuelt > Uncategorized > Livet, kjærleiken og havet: noveller

Livet, kjærleiken og havet: noveller

AKTUELTpublisert 03.09.2020

Vennskap, kjærleik og korleis desse kjenslene får oss til å oppføre oss mot kvarandre, er tema i novellene i denne artikkelen.

 

 

På oppdagingsferd i litteraturen

Slik opnar novella «Som dagene går» av Sigmund Jensen. Lesaren følgjer hovudpersonen i forsøk på å nå ut til andre menneske.

Vennskap, kjærleik og korleis desse kjenslene får oss til å oppføre oss mot kvarandre, er tema i novellene i denne artikkelen. Utvalet er ein liten del av det som finst i fulltekst i Nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket. Lenker til andre kjelder er skildra bakom. For å gjere skjermbildet meir lesarvennleg kan ein til dømes sjå ei side om gongen, auke storleiken på skrifta, lese på eit nettbrett eller bruke ein ekstra skjerm.

Livet er ikkje berre lett. Menneske som lengtar, kompliserte forhold og manglande kommunikasjon, er gjerne meir interessant å skildre enn når alt går fint. Så kan heller lesaren ta utfordringa i å sjå eit større bilde, med både det tunge og det lette, likt Kari Bremnes syng om i «Glem ikkje», (YouTube)

Ein lyskastar på livet

Jakob Lothe skriv i boka «Etikk i litteratur og film» at det som står på spel i novella blir gjerne fortalt i ein situasjon tidleg i teksten, men spørsmål er ikkje alltid stilte i klartekst. Teksten er open for tolkingar, og meininga kan bli aktivert gjennom signal, hint og utan mange forklaringar. Sjølv om mange noveller har mindre plass til utdjuping og utvikling i karakterar enn romanar, kan ei novelle seie mykje ved å gå til kjernen i ei historie, og ho eignar seg godt til å vise relasjonar og kva handlingsrom menneska i teksten kan finne.

Ein daglegdags situasjon er utgangspunktet i ei kort novelle av Laila Stien med tittelen «Fyr». To personar er i den same kafeen. Men korleis kan dei bli kjende? I «Vårvinter» av Tarjei Vesaas står ei jente ute i snøen og ventar på ein gut ho håper kan bli ein kjæraste. I dag ville mange ha teke fram mobilen medan dei venta, og kjønnsroller har endra seg over tid. Likevel kan vi kjenne oss igjen.

Å underleggjere

I «Oversettelsen» av Roy Jacobsen møtest vennane Carlos og Santos på ein bar. Det regnar, og Santos kjem inn og er våt og kald. Han vil ha varme og noko å drikke, medan Carlos sit klar til å fortelje «den vakreste historien som noen gang er fortalt». Men kor gode er personane i novella – og i neste omgang vi – til å lytte til kvarandre?

Velta sykkel

Den britiske kunstkritikaren og forfattaren John Berger skildrar møte mellom menneske i korte riss i kortprosa, til dømes i «To hunder under en stein». I «En dame på sykkel» fortel han om ein episode der familien får besøk av ei svensk kvinne, som mellom anna introduserer forfattaren Torgny Lindgren. I boka «Legender» liknar det ein fabel når Lindgren fortel om ein relasjon mellom to andre diktarar. Å underleggjere det som skjer kan vere eit element i noveller, og det som viser slektskap til eventyr og magisk realisme.

«Vi er alle sammen rare – det kommer bare an på om noen legger merke til det!», skreiv Sigrid Undset.

«Mannen min gav meg en feiekost til jul et år. Det var dårlig gjort. Ingen skal fortelle meg at det var snilt ment». Slik opnar novella «En interesse i livet» av amerikanske Grace Paley. Teksten er fortalt med eit humoristisk blikk, sjølv om det ikkje er så enkelt når ein familie må klare seg på eiga hand og med få midlar etter at mannen har reist. «På hjemveien» av Anton Tsjekhov tek oss med til Russland på 1800-talet.

Kjærleiken er å våge

I «En botsgang» av Seán O’ Faoláin handlar det om komplisert kjærleik og eit pilgrimsmål.
David Leavitt skriv i novella «Grenseoppgang» om mor og son, og korleis det er vanskeleg for begge to når sonen for første gong har med den mannlege kjærasten heim.
Eit ønske om å gi ei spesiell gåve handlar det om i «Bursdag» av Beate Grimsrud, men er den andre mottakeleg for det ein vil gi?
I Merethe Lindstrøm si novelle «En kur mot lykke» møter vi ei kvinne som lever i eit tilsynelatande trygt forhold, men kan den rare kvinna som kjem på besøk ha noko med mannen hennar å gjere?

 

Som i eit måleri

I 2013 fekk kanadiske Alice Munro, (Wikipedia) Nobels litteraturpris for forfattarskapen. Fem bøker med novellene hennar finst i Nettbiblioteket. Mange av historiene finn stad ved Huron County, ved kysten av innsjøen vest for Toronto. Ein del Munro-tekstar er ganske lange til å vere noveller, og dei har detaljerte skildringar som nærmar seg det vi finn i romanar.
I teksten «Walkerbrødrenes cowboy» møter vi ein seljar som oppsøker folk med varene sine: «… hostemedisin, styrkedrikk med jern, plaster for liktorner, avføringsmidler, piller for kvinnesykdommer, munnvann, sjampo, salver, balsam, sitron-, appelsin- og bringebærkonsentrat til å lage leskedrikker av, vanilje, konditorfarge, sort og grønn te, ingefær, nellik og andre krydder, rottegift.»
Ei av inspirasjonskjeldene til Munro er målaren Edward Hopper, (artikkel om Edward Hopper på fotograf Morten Krogvold sin blogg). I boka «Rom ved havet, rom i byen» hentar Frode Grytten novelletitlar frå bilde av Hopper (film på YouTube om måleria til Hopper). Boka er ikkje tilgjengeleg i Nettbiblioteket, men kan lånast som e-bok og papirbok. Grytten er elles mest kjend for boka «Bikubesong», der lesarane av forteljingane blir med til Murboligen i Odda.

Barnet og dei andre

I boka «Meir enn regn» finn ein Grytten-novella «Kommunistar». Med innslag av humor skildrar han barn, familiar og klasseskilje i ein norsk industristad.
Vennskap mellom barn tilbake i tid finn vi i novella «Prikket kjole» av Ragna Rusten. I «Den lille hvite dame» skriv Hans E. Kinck om eit møte mellom barn i ei bygd der det kjem sommargjestar, og korleis det påverkar livet til eitt av barna.

Noveller frå heile verda

Vil du finne fleire noveller, er det mange å velje mellom – i bøker og på nettet. I «Perler i prosa» møter vi eit utval av norske forfattarar, og liknande bøker med geografisk inndeling finst frå fleire andre land.

Tekst: Helge Skurtveit, Bibliotekutvikling Vestland.

Bilde heading: Damien Petit, Unsplash
Bildi inni artikkelen: Marco Chilese, Unsplash


Denne artikkelen er henta frå Bibliotekutvikling Vestland