Her er du: etnebibliotek.no > Aktuelt > Uncategorized > Sunnbibpodden

Sunnbibpodden

AKTUELTpublisert 23.11.2020

Podcastprosjekt med Sunnhordlandsforfattarar

 

Nytt spennande prosjekt der dei åtte biblioteka i Sunnhordland til no har publisert 5 litterære podkastar. Ytterlegare to podkastar er laga og vil bli publisert i november.

«Heim til Sunnhordlandslitteraturen» er ei podkastserie på 7 episodar. Dei åtte biblioteka i Sunnhordland har laga si eiga podkast, kalla «Sunnbib-podden» med lokale forfattarar. Desse podkastane kan du lytte til via lenke på heimesidene, Instagram og Facebook til biblioteka.

Over 60 aktive forfattarar blir rekna som sunnhordlandsforfattarar. Me ønskjer å skapa større merksemd om dei ulike forfattarrøystene me har her i regionen som (lenkja ligg på namnet til den enkelte under):

Podkastserien tar utgangspunkt i ein serie der lyttarane blir med dei ulike forfattarane på ein tur til deira ynglingstad (for si litterære skriving) i Sunnhordland. Podkastane vil gi ein introduksjon til forfattarskapen, men også spørja spørsmål som: Kor er det diktarane finn inspirasjon og kreasjon? Kva er det staden gir forfattaren? Har staden hatt noko å seia for forfattarskapet?

Prosjektet har fått støtte til podkastserien «Heim til Sunnhordlandslitteraturen» frå Norsk kulturråd.


Denne artikkelen er henta frå Stord folkebibliotek