Her er du: etnebibliotek.no > Aktuelt > Uncategorized > Luke 23: «Barnebibliotekaren»

Luke 23: «Barnebibliotekaren»

AKTUELTpublisert 23.12.2021

Dagens hint i Bibliorama er frå «Barnebibliotekaren»:

«Barnebibliotekaren» las «Onkel Toms hytte» som 12-13 åring og boka gjorde usletteleg inntrykk.

📖🎭❄️🎅📖🎭❄️🎅📖🎭❄️🎅📖🎭❄️🎅

I løpet av adventstida vert du kjent med følgande 4 figurar: Biblioteksjefen, Pandaen, Barnebibliotekaren og Biblioteknissen. Bak maska skjuler det seg ein person frå Etne eller Skånevik. Kvar figur vil komma med 6 hint, og det er opp til deg å gjetta kven det er! Om du er flink å gissa, kan du vinna «Bibliorama-boksen» på nyåret…

Siste hint kjem på sjølvaste julafta, og ein har deretter romjula på seg til å fundera på kven som skjuler seg bak kostymane. Bileta og hinta vert lagt ut på Etne bibliotek si Facebookside og Instagramside, og i tillegg vert dei hengt opp fysisk på plakatveggen til biblioteket. I romjula heng me bileta opp i vindauga, så ein kan studera dei om ein går forbi. Nyttårsafta kl. 18.00 avslører me kven som skjuler seg bak maskene. Så difor er svarfrist i konkurransen kl. 17.59. Me ønskjer svar på e-post (etne.bibliotek@etne.kommune.no), på messenger eller på papir. Papiret må vera levert i biblioteket sin postkasse eller innleveringskasse innan kl. 17.00 på nyttårsafta. Hugs namn og telefonnummer. Du kan henta svarlapp på biblioteka eller berre skriva på eige papir.