Her er du: etnebibliotek.no > Aktuelt > Uncategorized > Adventskalender 2021

Adventskalender 2021

AKTUELTpublisert 25.12.2021

Nå har me samla all informasjonen som har dryppa ut om dei fire figurane som har kledd seg ut i adventskalenderen i år, i tillegg vil ein få nokre ekstrahint. Det er også mogleg å tolka nokre tips frå kostymane til dei utkledde heltane våre. Minnar om at me tar imot svar på etne.kommune@etne.kommune.no, som direktemelding på Messenger eller Instagram-kontoen vår innan kl. 17.59 og på ark i postkassa vår innan kl. 17.00 på nyttårsaftan. Klokka 18 same dag kjem avsløringa…

«Biblioteksjefen»

«Biblioteksjefen» er nok for nokon ein litt mystisk figur som førebels (?!) trivst godt i kostymet sitt. Ho har god utsikt, noko som sikkert kan komma vel med dei neste åra… For me håpar jo at ho blir – både her og der! Av dei fire utkledde er det «Biblioteksjefen» som snakkar aller oftast med biblioteksjefen….

«Biblioteksjefen» trivst svært godt i si eiga hula med tid for seg sjølv, men likar også å tulla og lura folk litt…

«Biblioteksjefen» las MYKJE bøker som unge, og elska Hardyguttane!

«Biblioteksjefen» drøymer om å reisa til Scilly-øyane, som ligg på sørkysten av England. «Biblioteksjefen» kjenner seg dratt mot det spesielle subtropiske klimaet personen har høyrd at skal vera der…

«Biblioteksjefen» er ein allsidig person med mange interesser. Her viser ho fram eit par av dei: fisking og strikking.

«Biblioteksjefen» var som 13-åring med i hovudløp i orientering, som er eit uoffisielt Noregsmeisterskap… Litt sprek òg denne «Biblioteksjefen», altså…

«Biblioteksjefen» vil gjerne anbefala boka «Noe tapt og noe vunnet» av Tara Westover. «Biblioteksjefen» seier: «Fascinerande historie, på mange måtar grusom òg.»

«Pandaen»

«Pandaen» er varm og god, og viser ofte omsorg i det daglege, noko som ligg både i natur og virke. Som dei fleste pandaer likar nok også denne seg best i sitt naturlege habitat, men har blitt fotografert offentleg ein del i den siste tida. Pandaen har hatt det veldig travelt i det siste, og har kanskje ikkje hatt tid til å lesa så mange bøker…?

«Pandaen» likar å lesa krim og høyrer nå mykje på lydbok.

«Pandaen» elskar å vera i Italia. Ho har vore nokre turar, men aldri i Venezia, så det står høgt på ønskelista.

«Pandaen» har motorsykkellappen! «Pandaen» har rett nok ikkje køyrd så mykje etter at ho tok lappen som 18-åring…

«Pandaen» har fleire favorittforfattarar, og ein av dei er Lucinda Riley.

«Pandaen» har meget stor interesse for anatomi… Spennande, synes «Pandaen»…!

«Pandaen» har ein eigen instagramkonto, og er ein ivrig hageentusiast! På kontoen sin legg «Pandaen» ut mange fine bilete av hobbyen sin…

«Barnebibliotekaren»

«Barnebibliotekaren» er ei svært triveleg og blid dame som likar kostymet sitt godt. Som de har forstått har ho mange interesser, og å vera barnebibliotekar er ikkje så altfor langt frå der du vanlegvis finn ho. Ho kunne også vore kledd ut som «Biblioteksjefen», men me tippar ho likar seg godt som barnebibliotekar. Særleg er ho glad i gode forteljingar!

«Barnebibliotekaren» likar godt å jakta på storvilt. «Jakt er ei god blanding av spenning og avkopling», seier «Barnebibliotekaren».

«Barnebibliotekaren» anbefaler varmt «Et helt halvt år» av Jojo Moyes. «Det er ikkje mange bøker som får meg til å grina», seier «Barnebibliotekaren», men det gjorde altså denne. Boka seier mykje om å gjera val som er rette for ein sjølv, meiner ho.

«Barnebibliotekaren» drøymer om å reisa til Irland. Ho synest dette verkar som eit svært spennande land – både kulturen og naturen der.

«Barnebibliotekaren» har vore med i NM i «Behandling av ridehestar». Det er det kanskje ikkje så mange som veit?

«Barnebibliotekaren» er ambivert – ho trivst godt i andre sitt selskap, men stortrivst også aleine. Det gjer Pippi også, meiner me – og «Barnebibliotekaren» kan identifisera seg med henne.

«Barnebibliotekaren» las «Onkel Toms hytte» som 12-13 åring og boka gjorde usletteleg inntrykk.

«Biblioteknissen»

«Biblioteknissen» er titt og ofte å sjå på biblioteket, og han likar både bibliotek og nissar. Men han likar betre fjøsnissar enn slike amerikanske, seier han, og set gjerne ut graut til nissen på julaftan. Biblioteknissen hjelper ofte biblioteket i det litt skjulte, men det nyaste samarbeidet har vore litt synlegare enn vanleg. Me set stor pris på hans venlege sinn!

«Biblioteknissen» er svært glad i å prata med folk over ein kaffikopp. «Eg gjer det helst for mykje!» humrar han i skjegget.

«Biblioteknissen» er glad i å lesa biografiar. Det er spennande å høyra historia bak kjende menneske, meiner han.

«Biblioteknissen» er engasjert i å ta vare på gamle handverkstradisjonar og bygningsteknikkar. Han har eit gamalt hus sjølv på garden, og «Biblioteknissen» har også bygd litt sjølv.

Ei av favorittbøkene til «Biblioteknissen» er «Pelsjegerliv» av Helge Ingstad. Det er spennande å lesa om han som braut ut frå alt, reiste, og levde fleire år aleine i villmarka, meiner «Biblioteknissen». «Ein veldig god formidlar!», skryt dessutan nissen.

«Biblioteknissen» drøymer om å reisa tilbake til Island, for han har vore der før. «Biblioteknissen» synest dette landet er svært fascinerande, og vil utforska meir.

«Biblioteknissen» oppdaga historiene om «Pocomoto» første gong på skulebiblioteket. Han likte veldig godt å lesa alt som hadde med «cowboy og indianar» å gjera.