Her er du: etnebibliotek.no > Aktuelt > Uncategorized > Avsløringa

Avsløringa

AKTUELTpublisert 31.12.2021

Tida alle har venta på er her… Personane bak maskene blir avslørt…


Og dei som var bak maskene var…

 «Biblioteksjefen»: Mariann Sydnes, kultursjef i Etne kommune!

Favorittboka til Mariann er «Noe tapt og noe vunnet» av Tara Westover. Mariann synes dette er ei fasinerande historie, samstundes som den er heilt grusom. Som barnebokminne trekk ho fram serien om Hardyguttane, og fortel oss at ho les utruleg mykje når ho var ung. Men visste du at Mariann også har vore med hovudløp i orientering (uoffisielt NM) som 13-åring? Det har ho i alle fall ikkje gløymd sjølv…😉 Mariann drøymer om å reisa til Scilly-øyande, som ligg på sørkysten av England. Årsaka til dette er at ho har høyrd at det skal vera eit heilt spesielt subtropisk klima der! Mariann er for øvrig ein allsidig person med mange interesser – mellom anna strikking og fisking. Ho er også ein person som trivs godt for seg sjølv «i si eiga hule», men ho går heller ikkje av vegen for tull og tøys (heldigvis!).

Vidare fekk ein tips med at ho kanskje er ein litt mystisk person som førebels trivs godt i kostymet sitt (sjef). Mariann starta i jobben 1.oktober i år, så dette hintar til at ho er ny i jobben. Ho er også nyinnflytta til Skånevik, der ho har kjøpt eit hus med god utsikt på Ytre nes. Som kulturleiar vil ho nok også trenga god utsikt etter kvart, då kulturlivet er nokså spreidd over heile kommunen. Me håpar ho blir verande – «både her og der», altså både i jobben og i Skånevik. Og som kulturleiar er ho absolutt den av dei utkledde som snakkar aller oftast med den «ekte» biblioteksjefen.

Me er veldig glad for at Mariann krøyp ut av hula si og blei med på Bibliorama!! 😀

Boka «Noe tapt og noe vunnet» har me sjølvsagt til utlån på biblioteket! Mange av bøkene i serien om Hardyguttene kan også bestillast i katalogen vår, samt lesast digitalt på «Nettbiblioteket»: Nasjonalbiblioteket | Gratis bøker på nett | Aviser | Musikk | Bilder | Tidsskrift (nb.no)

«Pandaen»: Elisabeth Selland Winterthun, kommuneoverlege/smittevernlege i Etne kommune!

Elisabeth har fleire favorittforfattarar, og ein av dei er Lucinda Riley😊 Ho likar også å lesa krim, og for tida går det mykje i lydbok. Ho har naturleg nok stor interesse for anatomi, og poserer derfor med ei flott anatomibok. Elisabeth elskar å vera i Italia, og ho har vore der mange gonger. Byen Venezia har ho derimot ikkje besøkt enno, så det er ein stad ho ønskjer å reisa til! Visste du at smittevernlegen vår har tatt motorsykkellappen? Ho tok den som 18-åring, men det har ikkje blitt så mykje køyring… Elisabeth er dessutan ein ivrig hageentusiast og har til og med eigen instagramkonto tileigna denne interessa: «elisabethoghilde_hage». Følg dei gjerne!

Seinare kunne ein lesa at Elisabeth ofte viser omsorg i det daglege, noko som hintar til yrket hennar som lege. At ho har blitt fotografert og vore bilde av i avisene litt ekstra dei siste par åra, er vel noko dei fleste har fått med seg. Og at ho har hatt det travelt er vel ingen i tvil om – dei siste par åra har nok vore utfordrande på mange måtar, men me er veldig takknemlege at nokon tek på seg den viktige jobben som smittvernlege i kommunen!

Me er også veldig glade for at du tok deg tid til å bli med på noko så tullete, men kjekt, som Bibliorama😊 Tusen takk, Elisabeth!

Me har mange bøker av Lucinda Riley på biblioteket, både som vanleg bok og lydbok. Det er berre å komma innom å låna. Praktboka om Anatomikum som «Pandaen» Elisabeth ser i, er ei flott bok for både vaksne og barn, og du finn boka på avdelinga vår i Skånevik.

«Barnebibliotekaren»: Anette Lauareid Hovda, eigar og dagleg leiar i Småfolk barnehage!

Favorittboka hennar er «Et helt halvt år» av Jojo Moyes som til og med fekk ho til å grina. Boka gjorde stort inntrykk på henne, og ho meiner den seier mykje om å gjera rette val for seg sjølv. Ho likar å jakta på storvilt, det synes Anette er både spenning og avkopling på ein gong. Ho drøymer om å reisa til Irland. Eit barnebokminne er «Onkel Toms hytte» som Anette las i 12-13 års alderen og gjorde usletteleg inntrykk på henne. Visste du at Anette har vore med på NM i «behandling av ridehestar»? Det har ho nemleg! Ho fortel dessutan at ho er «ambivert» – ho trivs i andres selskap, men stortrivst også i eige selskap. Det fekk oss til å tenka mellom anna på Pippi, og Anette seier at det er ei ho gjerne identifiserer seg med!

Vidare fekk de hint gjennom kostymet sidan Anette arbeider i Småfolk barnehage. Me skriv at ho også kunne vore kledd ut som «Biblioteksjefen» sidan ho er eigar og dagleg leiar i barnehagen. At ho likar gode forteljingar spelar på visjonen til Småfolk: Barnehagen med dei gode forteljingane.

Tusen hjarteleg takk for at du var så sporty og blei med på Bibliorama, Anette!

Me har sjølvsagt bøkene «Et helt halvt år» og «Onkel Toms hytte» til utlån på biblioteket!

«Biblioteknissen»: Dag Silde, bonde og ansvarleg for foto for Etne sogelag samt bilderedaktør i Årboka😊

Favorittboka til Dag er «Pelsjegerliv» av Helge Ingstad. Ein fantastisk og unik formidlar, meiner Dag, som synes det er utruleg spennande å lesa om Ingstad som braut ut frå alt og levde fleire år aleine i villmarka. Han likar elles veldig godt å lesa biografiar, og synes det interessant å høyra historia bak ulike menneske sine liv. Han er dessutan over gjennomsnittet engasjert i gamle handverksteknikkar og bygningsteknikkar. Han har også eit gammalt hus sjølv på garden som han og sonen har arbeidd mykje med. Når det gjeld stad han ønskjer å reisa til, så trekk han fram Island. Her har Dag vore ein gong tidlegare, og han var svært lyst å reisa tilbake. Veldig fascinerande land, som han har lyst å utforska meir. Som barnebokminne nemner Dag serien «Pocomoto» som han oppdaga på skulebiblioteket. Desse bøkene slukte han, i tillegg til andre liknande «cowboy og indianer»-seriar. Dag fortel oss til slutt at han likar svært godt å ta ein prat med folk over ein kopp kaffi – dette medgir han at han helst likar «for godt»😉

Seinare fekk de hint om at Dag Silde ofte kan sjåast på biblioteket, og at han mange gonger har samarbeida med biblioteket. Det nylegaste samarbeidet vart dokumentert i Grannar, og omhandla digitalisering av Willum Ekrheim sitt fotoarkiv. Dag Silde er bildeansvarleg for Etne sogelag, og hjelper stadig biblioteket med å finna fram i arkivet. Ingen har så god oversikt som han! At han likar fjøsnissar er heilt sant, og kan også hinta til at han er bonde. I kostymet kan ein sjå bilete av eldre hus og historie, og det kan vera eit hint til engasjementet hans i Etne sogelag.

Me er veldig glade for at Dag tok ein kopp kaffi med oss og blei med på Bibliorama! Tusen takk for positiviteten😊

Me har sjølvsagt boka «Pelsjegerliv» på biblioteket – både som vanleg bok og lydbok!

«Pocomoto»-bøkene kan fjernlånast frå andre bibliotek eller lesast gratis i Nasjonalbiblioteket sitt «Nettbibliotek»: Søk i Nettbiblioteket her | Bøker | Aviser | Bilder | Tidsskrift | (nb.no)


Klarte du å gjetta riktig på alle? Vinnarar blir trekt neste veke. Vil du lesa hinta på nytt nå som du veit kven som er bak? Dei finn du samla på www.etnebibliotek.no/adventskalender-2021