Her er du: etnebibliotek.no > Aktuelt > Uncategorized > Monstergøy

Monstergøy

AKTUELTpublisert 05.05.2022

Veslemonster og Storemonster har begeistra små og store lesarar frå dei første bøkene i serien kom ut i Noreg i 2011. Bøkene har vunne ei rekkje prisar og er omsette til mange språk. Ved første augekast kan monstera sjå skumle ut med kvasse tenner og hårete kroppar. Det visar seg straks at dei kan bli redde, sinte og fortvila – ha monstrøse kranglar og ikkje minst vere dei beste vener i verda.

I den femte boka Monsterbesøk kjem Storemonster for å ta med seg Veslemonster på fisketur. Dei er alltid på fisketur på laurdagar. Men Veslemonster har fått Raggmonster på besøk, så han kan ikkje! Kva skal Storemonster gjere no? Det finst jo ikkje gøy å fiske åleine! 

Til høgtlesing og samtale

Monsterbøkene tar for seg gjenkjennelege tema med humor, snert og varme, som kan treffe eit breitt publikum. Nynorsksenteret meiner bøkene eignar seg fantastisk godt til lesetrening, samtidig som dei er gode samtalebøker. Her finn du ei vurdering av Monsterbesøk og Monsterknipe frå boktipsa til Nynorsksenteret (nynorskbok.no).  

Bøkene er skrivne av svenske Kalle Güettler, færøyske Rakel Helmsdal og illustrert av islandske Áslaug Jónsdóttir. Dei norske utgåva er omsette frå islandsk av Tove Bakke.  

Monsterbesøk ute

Vestland fylkeskommune har i samarbeid med folkeakademia i Sogn og Fjordane og Hordaland, gjeve støtte for å få utarbeidd ein produksjon basert på Monsterbøkene.  

Adele Duus i framsyninga Monsterbesøk, foto av Roddy Duus

Få med deg Monsterbesøk med Adele Duus. Foto: Roddy Duus.

Adele Duus står bak ei figurteaterframsyning om kor vanskeleg det er å vere tre. Framsyninga passar for heile familien. I vinter kan du få den med deg på ulike arenaer utandørs kring i fylket. Her er oversikt over tidspunkt og stadar for Monsterbesøk med Adele Duus. Sjå meir informasjon på ditt lokale bibliotek. 

Søndag 15. mai kl. 13.00-15.00 (teateret startar kl. 13.30): Etne – Dagsturhytta, Leiteshaugen

 

Her kan du kikke i «Monsterbesøk»:

Utdrag frå Monsterbesøk Skald forlag.

Fleire monsterbøker

Monster er gøy! Her finn du tips til ei rekkje barnebøker om monster frå Sølvberget bibliotek og kulturhus. (sølvberget.no)  

Gratis bildebøker på nett

Visste du at du finn ei rekkje bildebøker gratis i Billedbokhylla? Dette er bøker frå før 2000 som Nasjonalbiblioteket har skanna inn, og gjort enklare tilgjengeleg gjennom eit prosjekt ved Hammerfest bibliotek. Gå på skattejakt i Billedbokhylla her (Billedbokhylla, Hammerfest kommune).

Bilde heading: Frå Monsteresøk, Skald forlag
Bilde i artikkelen: Adele Duus, Norsk forfattersentrum


Denne artikkelen er henta frå Bibliotekutvikling Vestland