Her er du: etnebibliotek.no > Aktuelt > Uncategorized > Etneles og Bibliotekenes litteraturpris

Etneles og Bibliotekenes litteraturpris

AKTUELTpublisert 22.06.2022

Etter stor etterspurnad blir det Etneles i år òg. Dette er ein slags «Sommarles» for vaksne. I år får du ekstra bonuspoeng for å lesa dei nominerte til Bibliotekenes litteraturpris, men alle bøker du les er med i tellinga.

Etneles

I år varer Etneles frå måndag 27. juni til laurdag 15. oktober. Kom på biblioteket og hent registreringshefte. Levér heftet i oktober og byt kvart 10 poeng inn i eit lodd i Etnelestrekkinga. Her blir det ein større premie og nokre mindre.

Poengsystemet til Etneles

Kvar bok du les gir poeng, minimum 1 poeng, og som regel meir.

  • 1 poeng for å ha lese ei bok
  • _ poeng for sidetal (100-199 = 1 p, 200-299 = 2 p, osv.)
  • 1 poeng om det er ein sjanger eller format du sjeldan les
  • 1 poeng om det er skrive av ein debutant i 2021/2022
  • 1 poeng om det er skrive av nokon frå Sunnhordland/Haugalandet
  • 1 poeng om boka er gitt ut for meir enn 50 år sidan (før 1972)
  • 1 poeng om du les boka høgt til nokon
  • 1 poeng om du har lånt det frå eit bibliotek eller Bookbites
  • 5 poeng om boka er ei av dei 10 nominerte til Bibliotekenes litteraturpris (sjå meir under)

Heftet

Hent registreringsheftet på biblioteket eller skriv ut sjølv:

Bibliotekenes litteraturpris

I år er første året Bibliotekenes litteraturpris blir delt ut. Her kan du som brukar biblioteket vera med og stemma. Det er 10 nominerte:

Les meir og stem her: Bibliotekets litteraturpris – Forside