Meld barnet ditt inn i Bokbanden og få boktips kvar månad!
Reglar for Bokbanden:
«Bokbanden er ein bokklubb for barn mellom 0-13 år og vaksne.
Det er den vaksne som melder barnet inn og er ansvarleg for bøkene de lånar
Kvar månad låner biblioteket ut 2-3 «hemmelege bøker» til dykk som dei tilsette trur de kan lika
0-5 år: tre bildebøker til høgtlesing, 6-9 år: to «lese-sjølv»-bøker og eit høgtlesingstips, 10-13 år: ei «lese-sjølv»-bok og eit høgtlesingstips
Det vert sendt ut ein SMS eller e-post når bøkene er klar til henting
Bøkene må hentast innan 10 dagar
Det er heilt gratis å vera med i Bokbanden, men de er ansvarlege for bøkene på same måten som med vanlege lån
Etter 6 månedar vert ein automatisk meldt ut av «Bokbanden»
Innmelding
Det vert opna for innmelding i bokbanden kvar november og mai, og innmeldingsskjemaet opnar 15.november og 15.mai. Deretter vert ein medlem frå januar-juni eller juli/august-desember. Det vert òg lagt ut fysiske innmeldingsskjema i biblioteket. Max 20 medlemmer, og «første mann til mølla».