Leseknappen

Alle 2. klassingar i Etne kommune får kvart år tilbod om å ta "Leseknappen" gjennom Etne bibliotek.

leseknappen_liten

Leseknappen kan beskrivast som eit bevis på at ein har lært å lesa. På same måte som symjeknappen har ein eit mål ein skal oppnå – for lesing gjeld det å ha lese ti bøker på eiga hand.

Barna fyller inn namnet på bøkene i eit eige lesekort. Vanlegvis får dei tilbod om å ta Leseknappen gjennom skulen på vårparten av 2.klasse.  Då avsluttar leseknapp-2-210x300me med ei koseleg feiring og høgtideleg utdeling av leseknappar og diplom på biblioteket eller i klasserommet.

Høyr med skulen om dei har planar om å vere med på Leseknappen! Viss ikkje barnet tar Leseknappen gjennom skulen, ordnar me det gjennom folkebiblioteket.