Sommarles for barn

Sommarles for barn

Arrangement

Sommarles varer frå 1. juni-31. august. Les bøker, høyr lydbøker, les saman med nokon eller bli lest høgt for. All lesing tel!

Dato / tid
01.06.2020 kl 00:00 - 31.08.2020 kl 23:59


Opprett brukar på www.sommarles. no og registrer det du les, oppnå digitale trofé og hent premie på biblioteket ved level 10, 20 og 30. På www.sommarles.no finn du også ein spesialskriven Sommarles-forteljing som er skriven av Mari Moen Holsve. Les forteljinga, svar på spørsmåla og hent kodeord på biblioteket – dette får ein også poeng for til brukaren sin.

Sommarles vert avslutta med Sommarles-fest 27.september kl. 12.00 på Etne bibliotek. Her kjem Sommarles-forfattaren Mari Moen Holsve og det vert utdeling av ekstra premiar.

Det er gratis å vera med på Sommarles. Ta kontakt med biblioteket om ein har spørsmål!