Aviser og tidsskrift
Biblioteket abonnerer på mange ulike aviser og tidsskrift. Nokre er til å lesa på biblioteket, medan andre kan du låna med deg ei bunke av heim.
Aviser
Biblioteket har abonnement på lokalavisa Grannar, Haugesunds avis, Bergens tidende, Morgenbladet, Klassekampen og Dag og tid. Desse er til lån i biblioteket. Me har ein koseleg aviskrok med gode stolar. Biblioteket tek vare på alle årgangar av Grannar, samt inneverande og siste månad av dei andre avisene.
Tidsskrift
Biblioteket abonnerer på tidsskrift innan mange ulike tema som kan du låna med deg heim, unntatt det aller nyaste nummeret, som er til å lesa i på biblioteket. Me har tidsskrift om alt frå kunst, foto, landbruk, hage, psykisk helse, traktor og interiør.