Her er du: etnebibliotek.no > Me tilbyr > Barneavdeling

Barneavdeling

Biblioteket har ein koseleg og aktiv barneavdeling heilt ved inngangen.

barneavd_liten

Barnevennlege lokaler

Her finn ein peikebøker for dei minste, biletbøker, lydbøker, barnefilm, lesestart-bøker, teikneseriar, eventyr, ABC, faktabøker om allslags ein kan tenkja seg og mange kjekke barnebøker blant anna innan spenning, kjærleik, fantasi og humor.

Lån med deg heim eller les saman på biblioteket. Sitjegrupper og bord til å for eksempel gjera lekser i lag, teikna eller spela spel.

Arrangement

lesing

Biblioteket har jamlege arrangement for barn og unge. Av faste aktivitetar kan ein nemna populære familiedagar på laurdagar med til dømes forteljarstund, konsert, barnekunst-utstillingar, verkstad og andre aktivitetar for barn. Desse vert arrangert 1-2 gonger i halvåret. Teddybjørnens dag plar bli markert i oktober, med forteljestund og moglegheit for spennande bamse-overnatting. Nordisk speldag vert markert i november med turneringar og quiz for barn. På vårparten har ein arrangert Etnemeisterskap i sjakk i samarbeid med Etne frivilligsentral. I tillegg vert det arrangert faste lesestunder.

Følg oss på Facebook og sjekk heimesida under «Kva skjer?» for jamlege oppdateringar om arrangement!