Her er du: etnebibliotek.no > Me tilbyr > Klassebesøk

Klassebesøk

Ønskjer du fast tid for skuleklassen din på biblioteket? Ta kontakt for avtale.

klassebesøk_liten

Biblioteket har mykje besøk av klassar frå skulane, og det kan vera lurt å vera tidleg ute om ein vil avtala fast tid for klassen sin.

Ønskjer klassen eit spesielt fagleg opplegg ein dag er det flott om ein gir beskjed på førehand. Det same om ein skal ta særlege omsyn. Vår barne- og ungdomsbibliotekar rettleier gjerne i bruk av biblioteket eller presenterer bøker og tema for barna.

Biblioteket har fast bibliotekopplæring for 5. klasse kvart år. Dette året får også elevane tilbod om å ta med seg det originale lånekortet heim, til bruk i fritida. Biblioteket lagar då eit kopikort elevane kan ha liggande på skulen til bruk på folkebiblioteket og skulebiblioteket i skuletida.