Her er du: etnebibliotek.no > Me tilbyr > Meirope bibliotek

Meirope bibliotek

Velkommen til meirope bibliotek i Etne. Tilbodet gjeld berre på hovudbiblioteket. For å få tilgang til ubetent/meirope bibliotek må du ta kontakt med bibliotekpersonalet for rettleiing og informasjon. Du må òg skriva under på kontrakt med biblioteket og få oppgradert lånekortet ditt til tilgangskort.

Korleis?

Skriv under på kontrakten og lever den til personalet, så får du avtale om tilgang til biblioteket utanom betent opningstid. Du kjem inn på biblioteket ved å lesa av lånekortet i kortlesaren ved inngangen til biblioteket og tasta pin-kode. Samstundes vert det teke bilete av deg.

Kven?

Tilbodet gjeld for alle registrerte lånarar over 16 år.

Lånarar under 18 år må ha underskrift frå føresette.

Born kan nytta tilbodet om dei kjem i følgje med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg.

Det vil vera personale i biblioteket i delar av den ubetente opningstida for å gjera kontorarbeid. Treng du hjelp – ver gild å koma i den betente opningstida.

Når?

I Etne kan ein kome seg inn på hovudbiblioteket i Skakkes opningstider. Det vil vanlegvis bety kl. 8.30-21.00 på kvardagar, i helgene og feriane er det berre ope i kinotidene og andre arrangement. Sjå Skakkes sider for oppdaterte opningstider.

Vårt felles bibliotek

Biblioteket er eit offentleg rom og felles eigedom som skal vere til glede og nytte for alle. Det meiropne biblioteket byggjer på eit tillitsforhold mellom brukar og bibliotek – du bør difor passa godt på og halda ro og orden.

Innloggingspanel for meirope.

Tilgang og bruk

  • Før du kan nytta tilbodet må du signera ein kontrakt der du skriv under på at du har lese vilkåra for meirope bibliotek.
  • Lånekortet og pin-koden er personleg og skal ikkje brukast av andre enn deg.
  • Born kan bruke tilbodet om dei kjem i fylgje med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for borna han eller ho tek med seg.
  • Biblioteket kan stengje tilgangen for brukarar som bryt vilkåra. Gjer du hærverk eller øydelegg noko er det du som er økonomisk ansvarleg. Alvorlege tilfelle vert meldt til politiet.
  • Du kjem inn i biblioteket ved å registrera lånekort og pin-kode i kortlesaren ved døra. Samstundes tek kameraet bilete av deg. Når du forlet lokalet trykker du på knappen merka «UT». Dørene står opne ei stund, ver vennleg å sjå til at ingen andre enn dei du har med deg slepp inn.
  • Det kjem melding over høgtalarane når biblioteket er i ferd med å stengje, ver vennleg å forlate biblioteket i god tid for å unngå at alarmen vert utløyst.
  • Orienter deg om kvar nødutgangane på biblioteket er. Du må forlata lokalet ved brannalarm.
  • Heile biblioteklokalet er videoovervaka. Overvakinga er for at du skal kjenna deg trygg og som vern av biblioteket sitt inventar, utstyr og mediesamling.

Servicetilbod

Når biblioteket ikkje er betent, er du sjølv ansvarleg for å nytta deg av dei tilgjengelege tenestene på ein forsvarleg måte.

Du kan nytta studierommet og datamaskinane, samt logge deg på gjestenett.

Du kan ta utskrift direkte fra datamaskinane. Me tek kr. 2,- i avgift pr. utskrift.

All form for utlån må gjerast på automaten. Innlevering kan enten gjerast på automaten eller du kan levera i luka ved inngangsdøra.

Dersom ikkje alt materiale er lånt ut vil alarmen pipe når du går forbi alarmportalane ved utgangen. Gå attende til utlånsautomaten og lån ut materialet.

Skulle det oppstå ein feil med utstyret slik at du ikkje får lånt, må du koma tilbake i den betente opningstida.

Korleis bruke automaten

Vel teneste og trykk på feltet på skjermen (til dømes «Låne»)

Legg kortet med strekkoden opp under skannaren og juster det slik at det blir skanna.

Legg materialet på bordet. Kontroller at talet på bøker og anna materiale er likt med talet som står på skjermen. Hvis du både skal levera og låna bøker er det lurt å halda desse frå kvarandre då maskinen registrerer i ein stor radius (registrerer i «lufta»). Trykk på kvittering på papir eller e-post. Avslutt med å trykka «Ferdig».

Når du leverer materiale vil du anten få beskjed om å setja det på innleveringshylla eller leggja det i reserveringsboksen dersom det er andre lånarar som ventar på dette materialet.

Kameraovervaking og personvern

Av omsyn til brukarane si sikkerheit, og for å beskytta inventar og utstyr, blir biblioteklokalet overvaka med videokamera i meirope tid. Opptak blir oppbevart i opptil ei veke og vil kunne bli oversendt til politiet ved avdekking av lovbrot eller hærverk.

Sjå bibliotekets personvernerklæring for meir informasjon om kameraovervaking og korleis biblioteket handsamar personopplysningar om deg.