Her er du: etnebibliotek.no > Me tilbyr > Studiestad

Studiestad

Biblioteket er også ein stad for fordjuping og studier. Inst i biblioteket er det stille studierom.

studiestad_litenH

Her kan du finna roen til studier og fordjuping, lekser, lesa til eksamen eller skriva oppgåve. Ni arbeidsplasser, romslege arbeidsbord i lyst, skjerma lokale.

Biblioteket tilbyr eit rikt utval av bøker, tidsskrift og media innan dei fleste emne, og det biblioteket ikkje har sjølv, kan ein skaffa frå andre folke- og fagbibliotek i heile Noreg. Fjernlån er gratis.

Det er stasjonære PC’ar til utlån og trådlaust nettverk på biblioteket. Det er også moglegheiter for utskrift.