Her er du: etnebibliotek.no > Me tilbyr > Utlån > Lånereglar

Lånereglar

Her er dei gjeldande lånereglane for Etne bibliotek.

L

Lånerett

Det er gratis å låna. Alle som har gyldig lånekort har rett til å låna ved biblioteka.

Lånekort

Alle som har fylt 6 år kan få eige lånekort. Lånarar under 15 år må ha kausjon frå føresette for å få lånekort. Lånaren er ansvarleg for alle lån på eige lånekort. Biblioteka krev legitimasjon når lånekortet vert skrive ut. Lånaren skal ha med lånekortet ved lån, og må gje melding om endring i namn og adresse. Ved tap av lånekort må lånaren betala eit gebyr på kr. 20,- for å få nytt lånekort. Institusjonar/organisasjonar kan få lånekort registrert på ansvarsperson. På dette kortet kan det berre lånast materiale nødvendig for verksemda, ikkje private lån.

Lånetid og levering

Bøker og lydbøker – 4 veker

E-bøker – 4 veker

Tidsskrift – 4 veker

Språkkurs – 6 veker

Film, cd-rom, musikk – 1 veke

Det er høve til å fornya lånet inntil 2 gonger på bøker som ikkje er reservert av andre. Lån på andre media kan fornyast 1 gong, med unntak av film. I spesielle høve kan utvida lånetid avtalast.

Avgrensingar i lån

Barn under 15 år kan ha inntil 10 media og vaksne inntil 20 media på heimlån om gongen.

Delar av samlingane er ikkje til utlån og kan berre nyttast i biblioteket si opningstid.

Reservering

Lånaren kan gratis reservera utlånte media, og biblioteka gjev melding når reserverte media kan hentast. Hentefrist er 1 veke.

Katalog

Du finn biblioteket sin katalog på internett.

Her kan du sjølv søka etter, fornya og reservera bøker eller andre media ved å logge inn på ”Mappa mi”. Kontakt biblioteket for å få pinkode og opplæring.

Lån frå andre bibliotek

Biblioteka låner gratis inn media frå andre bibliotek, men det kan vera unntak når det gjeld tidsskrift, aviser, teikneseriar, musikk og film. Eigarbiblioteket sine lånereglar gjeld. Heiltidsstudentar som er tilknytt studiestad med eige bibliotek, bør venda seg der.

Film

Lånar må ha oppfylt aldersgrensa, for å få love til å låne filmen. Ein kan berre låna film med sitt eige lånekort, og må sjølv koma til biblioteket for å låna filmar. Lånetida er 1 veke. Film kan ikkje fornyast. Filmane må handsamast forsiktig. Det er forbode å kopiera filmar. Dei kan ikkje lånast eller leigast ut vidare. Det er også forbode å framføra dei offentleg. Meld frå til biblioteket dersom du finn feil ved filmar.

Purring

Biblioteka sender ut innkallingar på media som ikkje er levert til rett tid. Etter 3 purringar vert det sendt ut krav om erstatning. Lånaren må betala vederlag for tapte eller skadde media etter biblioteka si vurdering. Vaksne: 1. purring kr. 20, 2. purring kr. 40, 3. purring kr. 60. Barn under 15 år betaler ikkje purregebyr. Lånarar med over kr. 100 i uteståande gebyr eller rekningar kan sperrast for fleire lån til kravet er betalt. Purringar kan betalast på biblioteket, eller på nett gjennom «MappaMi». Du kan misse retten til å låna for eit tidsrom som biblioteket bestemmer, dersom du ikkje følgjer lånereglane.

Velkommen!