Her er du: etnebibliotek.no > Om biblioteket > Biblioteksamarbeid

Biblioteksamarbeid

Etne bibliotek samarbeider formelt både med nabokommunen Vindafjord, og biblioteka i vår region Sunnhordland. Me har dessutan avtalefesta samarbeid med grunnskulane Skånevik skule og Enge skule.

samarbeid_liten

Samarbeid med Vindafjord bibliotek

Etne bibliotek har felles katalog og system med Vindafjord bibliotek.

Dette gjer at me kan tilby våre lånarar eit større utval av media, tema og tilgjengelege eksemplar. Som lånar i Etne bibliotek kan du bestilla media også frå Vindafjord bibliotek og avdeling i Sandeid fengsel gjennom vår felles base. Du kan bruke det same lånekortet på biblioteka i Vindafjord som du nyttar i Etne.

Samarbeid med Sunnhordlandsbiblioteka

Sunnhordland omfattar Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Dei åtte kommunane i Sunnhordland samarbeider for å gje innbyggjarane best mogleg bibliotektilbod.

Sunnhordlandsbiblioteka har eit avtalefesta samarbeid og møtes fleire gonger i året for å diskutera og utvikla felles prosjekt og saker.

Biblioteka i Sunnhordland har felles logo – den symboliserer ein S for Sunnhordland omkransa av flagrande bøker.

Samarbeid med skulane

Enge skule ligg rett over vegen for Etne bibliotek og nyttar seg ofte av tenester på hovudbiblioteket. Skulen har i tillegg eige skulebibliotek, men samarbeider tett med folkebiblioteket for felles system og utnytting av ressursar. For tida er Etne bibliotek sin barne- og ungdomsbibliotekar òg tilsett som skulebibliotekar på Enge.

Avdelinga i Skånevik ligg i same lokaler som Skånevik skule. Biblioteket er kombinert skulebibliotek og folkebibliotek, noko som sikrar godt utval og tett kontakt.