Bokhylla.no

Sidan 2009 har Nasjonalbiblioteket drive eit stort digitaliseringsprosjekt kalla Bokhylla.no. Her er norske bøker og andre media frå tida før år 2000 gjort fritt tilgjengelege for norske IP-adresser.

Billedbokhylla er ei samling av dei digitaliserte bildebøkene.

bokylla_liten

Bokhylla

 

Bokhylla.no er ein netteneste som gir brukarar med norske IP-adresser tilgang til bøker utgjeve i Norge til og med år 2000. Innan år 2017 skal 250 000 norske bøker vera tilgjengelege digitalt. I tillegg kan ein søka etter ein digitaliserte aviser, bilete og lydopptak. Bokhylla er ein viktig del av arbeidet med å gjere Noregs kulturarv fri tilgjengeleg. Bøker kan fritt søkast etter og lesast via Bokhylla.no, men bøker som framleis er opphavsrettsleg beskytta er ikkje tilrettelagt for nedlasting eller utskrift. (Kjelde: Nasjonalbiblioteket)

Sjå film om tenesta HER

 

Billedbokhyllabilledbokhylla-300x300

 

Mange har spesielle minne etter ei bildebok dei kanskje aldri har funne igjen. Billedbøker blir gamle og utslitt og forsvinn gjerne frå både bibliotek og bokhandler. No er en god del av disse bokskattane gjort tilgjengelege digitalt via Nasjonalbiblioteket sitt digitaliseringsprosjekt. Hammerfest bibliotek har tatt arbeidet med å samla alle bildebøkene i ein eigen base – Billedbokhylla.

Dette kan vera eit nyttig verktøy for skuler og barnehagar, i heimen, eller for mimring etter gamle barndomsminne. Bøkene kan lesast på PC, nettbrett, smarttelefon eller koplast opp på smartboard/prosjektor i skulen.