Sjølvbetjening

Heimefrå kan du sjølv fornya lån, søka etter media og reservera. Materiale som er lånt frå andre bibliotek må du kontakta biblioteket ditt for å få hjelp til å fornya.

Etne bibliotek har utlånsautomat, der ein heilt utan å kontakta bibliotekar både kan låna og levera media. Her kan du bruka både vanleg lånekort og lånekort på mobil.

sjølvbet_liten

Utlånsautomat

U

Med lånekortet ditt kan du heilt på eiga hand låna og levera inn media då du er innom biblioteket. Ein kan få med seg kvittering på papir eller få tilsendt på e-post. På utlånsautomaten kan ein også forlenga låna sine via «mine sider». For å låna og sjå på «mine sider» treng ein lånekortet sitt. For å levera treng ein ikkje nytte lånekort, og kan difor levera også for andre.

Om ein har gløymt lånekortet, kan ein sjølvsagt låna i skranken!

 

«Mappa mi»

 

Logg inn på Mappa mi for å forlenga lån og reservera media frå biblioteka.

Mappa mi inneheld også mange andre fine funkjsonar, ein kan mellom anna få e-post då biblioteket får inn nytt materiale innanfor eit interessefelt (døme: lydbøker for vaksne, barnefilm, strikkebøker o.a) og skru på hugsefunksjon, slik at du til stadig har oversikt over kva du tidlegare har lånt. Ta kontakt om du treng rettleiing i bruk av «Mappa mi».

 

Bibliofil-appapp

B

Last ned Bibliofil-appen og få full oversikt over tenestene biblioteket tilbyr. Her har du full tilgang til søk, reservering, oversikt over lånte bøker, digitale aviser og tidsskrift, og ei rekkje andre funksjonar. Her har du òg eit digitalt lånekort, som du kan bruka på utlånsautomaten i biblioteket. Appen kan lastast ned fra App Store  eller Google play.

Slik gjer du:

  • Start appen og velg fylke (Hordaland) og bibliotek (Etne bibliotek).
  • Trykk på Mitt lånekort
  • Logg inn med lånenummer/e-postadresse og PIN-kode. Har du ikkje kode, får du ved å kontakte biblioteket.
  • Les av strekkoden med skanner på utlånsautomat, og lån som vanlig!
  • Tilgang til digitale aviser og tidsskrifter får du via meny (runding med tre streker) og «Logg inn i Pressreader».

 

 

Søk i katalogen

 

HER kan du søka i katalogen vår.

Logg inn i «mappa mi» for å reservera media. Etne bibliotek og avd. Skånevik deler katalog med Vindafjord bibliotek, avdelinga deira i Sandeid fengsel og skulebiblioteket på Enge skule.

Under fanekort «plassering» kan ein sjå kor boka er ledig («på hylla»). Ein kan reservera frå alle biblioteka.

 

Kikkhullet

 

Via «Kikkhullet» kan du sjå data frå biblioteket sin statistikk slik som mest utlånte, sist utlånt for barn og vaksne, nye bøker m.m