Her er du: etnebibliotek.no > Me tilbyr > Aviser og tidsskrift

Aviser og tidsskrift

Biblioteket abonnerer på mange ulike aviser og tidsskrift. Nokre er til å lesa på biblioteket, medan andre kan du låna med deg ei bunke av heim.

aviser_liten

Aviser

Biblioteket har abonnement på lokalavisa Grannar, Haugesunds avis, Bergens tidende og Morgenbladet. Desse er til lån i biblioteket. Me har ein koseleg aviskrok med gode stolar. Biblioteket tek vare på alle årgangar av Grannar, samt inneverande og siste månad av dei andre avisene.

Tidsskrift

Tidsskrifthylla i Etne

Biblioteket abonnerer på tidsskrift innan mange ulike tema som kan du låna med deg heim. Me har tidsskrift om alt frå handarbeid, vitenskap, landbruk, hage, psykisk og fysisk helse, traktor og interiør.