PC og trådlaust nettverk

Me har stasjonære PC'ar til publikumsbruk i biblioteka. Du kan også kople opp til kommunen sitt trådlause nettverk med din eigen PC eller eining.

PC_liten

Våre stasjonære PC’ar er kopla til skrivar slik at du kan få tatt utskrift av det du arbeider med. Sjå her for prisar på utskrift. Alle PC’ane er kopla opp til nett og har standard office-pakke (word, excel og powerpoint)

Ønskjer du å arbeide på eigen PC eller eining kan du kopla deg opp til det trådlause nettverket «Etne_kommune_guest». Når du koplar deg til dette nettverket får du beskjed om å oppgi mobiltelefonnummer. På SMS mottek du då ein kode som gir deg fri tilgang til nettverket så lenge du oppheld deg på biblioteket.

Spør oss om rettleiing om du treng!