M
Med lånekort har du mange moglegheiter – både til fysisk og digitalt lån av media. Ta kontakt med biblioteket om du ikkje har lånekort. Barn under 15 år må ha underskrift frå foreldre.
For dei over 15 år kan lånekortet registrerast nasjonalt – det vil seia at ein kan nytta kortet på folkebibliotek over heile landet. Det er også visse digitale tenester som krev nasjonalt lånekort. Ta kontakt om du ønskjer nasjonalt lånekort, eller om du er usikker på om kortet ditt er registrert nasjonalt.
Velkommen som lånar på biblioteket!